fredag 22. januar 2016

Maratonstrikking

Ja, det har vore full fart med strikkepinnane denne veka.
Det starta med at eg måtte legga vekk kofta mens eg venta på nye rundpinner.
Eg strikker lausere på mønsterstrikk enn glattstrikk med ein farge,
og kom på at eg vil prøva å gå ned i pinnestørrelse.
Eg var så heldig å finna pinnetupper nr 2,75,
men då eg skulle til å strikka med dei, så passa dei ikkje til kablane eg hadde.
Då var det bare å bestille nye kabler, og det har tatt 4 dagar fra Østlandet i posten.

Eg kan jo ikkje sitja med hendene i fanget, 
så eg strikka eit par votter til storebroren til babyen som skal få kjole.
Han og må få ein liten pakke, og tova votter er eit must på desse kalde vinterdagane.
Så fekk eg ein telefon fra dattera om eg kunne strikka votter til to gutter, 
og ho hadde satt pris på votter til eine jenta si.
Då var det bare å fortsetta  for fullt.
Eg fekk ein telefon til av ei anna datter, jenta deira hadde mista den ein votten sin.
Kunne eg strikka nye? Ja då, klart det!
Nå har er strikka 7 par votter og eit par sokker.







Regia, Arne & Carlos, 29 gr
Vestlandsgarn, 72 gr
Hifa Ask, 112 gr 


Men ikkje nok med det. Eine dattera hadde lyst på eit skjerf til ho skulle reisa i går kveld.
Ho hadde starta to kveldar før, men hadde ikkje sjangs å få det ferdig, ho jobber på dagen.
Eg sa eg kunne strikka det eg klarte i går, og det blei eit skjerf/hals som me satte knappar i.
Ho blei veldig fornøgd. Eg glømde å ta bilde av det ferdig.




I går kom endeleg kablane i posten, så nå kan er fortsetta med kofta.
Det er Nancykofte med rundfelling og mønster på bærestykket.




Takk for du legg igjen ei helsing, det er veldig kjekt!
God helg!





3 kommentarer:

  1. Så flittig du er Wenche! Og er så enig med deg i at tovevotter er det beste på kalde vinterdagar. Heldige jenter som har ei mamma som trør til med strikkepinnane når det er trong for og ønske om det.

    Kofta di kjem til å verta flott, liker fargevalet ditt.

    SvarSlett
  2. Slett ikkje verst maraton - i alle fall ikkje alle dei fine vottane og da andre du har produsert! God helg!

    SvarSlett
  3. Så flink du er Wenche som strikker så deilige votter.
    Jeg var så heldig å få deg til å strikke til meg i fjor og det var deilige votter. De ble flittig brukt og det ble pixilua også.Ha ei fin helg.

    SvarSlett