torsdag 19. november 2015

Ugler og litt til

Julemessa er over, og det gjekk over all forventning!
Det blei rekordsalg, kjempebra! 
Eg har ikkje vist det siste av mitt lille bidrag,
eit par pulsvanter og to pannebånd.



Desse pulsvantene fann eg ei gratis oppskrift på.
Oppskrifta var i tjukkere garn og dei skulle strikkast fram og tilbake og syast samen,
Eg strikka dei etter mitt eige hode og sjølvsagt rundt,
minst muleg sying er mitt motto!
Brukte bare oppskrifta på uglene.
Augene er knappar som eg var heldig å finna.

Oppskrift på Owl Mitts finn du HER




Drops Merino ekstra fine, 80 gr
Iglo Soft, 38 gr

*

Nå held eg på med eit større prosjekt, ei kofte til.
Den er i stor størrelse, strørre enn oppskrifta seier, med rundfelling.
Det blir spennande om bærestykket blir passe, 
er ikkje lett å veta kor mykje eg skal fella om gangen.
Kofta er julepresang, så eg får ikkje prøvd den på før den er ferdig,
spennande, spennande...!!











3 kommentarer:

  1. Ditt bidrag er absolutt flotte arbeid. Godt når messer og basarar kjem vell i hamn med fint resultat! Stor respekt for det arbeidet du bidrar med.

    SvarSlett
  2. Så fin disse er :) alltid no koselig og fint og se og lese på bloggen din.

    SvarSlett
  3. Så gøy at messa gikk bra, alltid et lotteri det der...

    SvarSlett