søndag 28. juni 2015

Ein liten oppdatering

Det er ikkje mykje som skjer her på bloggen min for tida.
Grunnen er at eg held på med to store arbeid,
det går ei tid før eg blir ferdig.
Har ikkje hatt den store strikkedilla heller,
men det går sakte men sikkert rette vegen.

Det eg strikker mest på nå, er ei kofte til min far.
Han skal få den til jul, så det er god tid.
Men eg har planar om fleire julepresangar, 
så det er greit å starta i god tid.


Teppe mitt veks litt det og, eg slapper av med rillestrikk.
Det er ca 1,5 meter langt, eg har ein halvmeter igjen.


I dag hadde me ein fin kjøretur til preikstolhytta saman 
med foreldrene mine og ei tante.
Der kjøpte me oss god middag.
Det er nydeleg der oppe og det blei varmt og fint, 
18 gr, sjølv om sola ikkje var framme.
Det er ikkje ofta me har sett den tempen i sommar!
Tok eit bilde av utsikten over vatnet og den gamle turisthytta.







3 kommentarer:

  1. Er det Bøvertun?? -kofta? Blir flott altså!! Og sjå teppet då, kor da veks. Kjempefint å sjå fargesjatteringane. Ein gong i livet må eg nok til den preikestolhytta eg og - det er nesten skam for ei dame frå Rogaland å ikkje vore der ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Koftemønsteret heiter Nordfjord. Kjekt mønster å strikka.
      Du må nok ta turen, ja, og kanskje gå heilt til Preikestolen... anbefales!

      Slett
  2. Den koften blir kjempefin Wenche, og takk for inspirasjon, kanskje jeg rett og slett skal rillestrikke et pledd? Planer om et pledd skjønner du, men ikke sikker på mønster, men veldig greit med noe som både er enkelt og pent. Blir fint pleddet du lager. Nydelig landskap å se :) koselig blogg å lese Wenche

    SvarSlett