torsdag 11. september 2014

Putlearbeid...

Det blir ikkje så ofta skrive blogg her for tida.
Men eg strikker jamt og trutt ;)
Nå har eg ein jakke på pinnane, eit prosjekt som vil ta tid.


For det første er det ørten tråder å festa.
Og så skal det heklast loddrette striper så det blir ruter.
Trudde først eg måtte brodere dei på, men dei skal heklast.
Det var jo veldig smart, vil gå mykje fortare,
men det er 36 striper, puuh!!

Eit par klutar har vore ferdig ei stund.
Eg har strikka dei fleste klutane Bitta Mikkelborg har lagt ut mønster til i sommar.
Den grå, Klematis, syntes eg var grei å strikka og den blei fin.
Eg la som vanleg opp fleire masker og strikka breiare midtparti.


Klematis, Bitta Mikkelborg
Garn: Pt Pandora, 34 gr

Garn: Anna og Claras fra Søstrene Grene, 47 gr
Pinne nr 3,5

*

Eg har lenge vore frista til å prøva Kauni,
og endeleg har eg skaffa meg nokre nøster.
Planen er å strikka Hverdagsjakken, men det får vente ennå ei stund.


Norsk Pelsull har eg heller ikkje prøvd, 
kjennest mjukt ut til å vera rein ull.


*

I helga var me tur til Vrådal. Der henta me masse tyttebær.
Me starta i eit nydeleg vær, 
flott å kjøra over Haukeli i strålande sol og blikk stille vatn.
Det blei ein dag med regn og, men det stoppa ikkje skogsturen vår.
Finst ikkje dårleg vær osv...




Kjempestore sopp!


Nydeleg kvit mose mellom trestammane!

*

Ja, då var det å finna fram heklekroken!
Ha ein fin dag!


3 kommentarer:

  1. Vert nok ei kjempeflott jakke når den vert ferdig. Gleder meg til å sjå den, eg. Fine klutar og, heldige me som har Bitta som så raust deler mønster med oss.
    Herlige naturbilder, og ikkje minst flott å ha tyttebær på lur til vinteren.

    Fort gjort det vert litt lengre mellom bloggane når store prosjekt er på gang, elles er det kjekt å sjå du vart med på vottealongen til Torirot. Kjekt å sjå kjensfolk der!

    SvarSlett
  2. Det blir spennande med rutejakka. Har tenkt litt på slike helkesaumar,--- om ein kan bruka slike krokar med leppe (høyrer til strikkemaskin eller når ein knytte tepper) Men, har ennå ikkje tatt meg tida å prøve min slik krok. Fine haustbilder du deler! Kose deg med garn og nye prosjekt!

    SvarSlett
  3. Så nydelige farver du setter sammen, blir nok ei lekker jakke :) gler meg til å se. Så nydelige bilder du viser, og den kvite reinsmosen, den lyser jo lang vei, ikke lenge siden jeg hørte at den var fredet, flott der den er :) kos blogg

    SvarSlett