tirsdag 1. juli 2014

Oldemor-puter

Då var eg på nett igjen, har hatt ein ufrivillig pause på 2,5 veke.
Me hadde eit koseleg besøk av ei lita snuppe,
og ho fann ut at ho ville trø på PCen min...
og det gjekk ikkje så godt! Den ville ikkje meir etterpå.
Nå har eg fått meg ein ny og i går hadde eg datahjelp og fekk den opp å gå.

*

Desse putene har vore på pinnen ei stund.
Har lenge tenkt å lage puter likt teppe til gyngestolen på hytta.
Eg var nesten ferdig med andre puta 
då eg såg eg hadde tatt feil kvitt garn på den siste ruta.
Det var ikkje godt å sjå i kveldslys då eg jobba med puta,
men det var ingen tvil i dagslys!
Då var det bare å rekka opp og legga det vekk til eg fekk nytt garn.

Bakstykke er hekla som ei stor rute.
Rutene på framstykke hekla eg i samen etter kvart, 
 og framstykke og bakstykke hekla eg i samen med krepsemasker.
Så laga eg ein klaff på baksida med 3 knapphull,
då er det lett å ta trekka av putene og vaska dei.

Tykkjer resultatet blei bra, og dei pyntar opp i sofaen.





Fleire ting er blitt ferdige sidan sist, men det får koma i neste blogg.

Håper dokke har ein fin sommarkveld, her er det nydeleg vær for tida.
På hytta stod klatrerosa mi i full blomst.



Garn, Smart 530 gr.
Heklekrok nr 3,5




4 kommentarer:

  1. Derfor altså?? Har sakna deg og gode idear på bloggen din! Kjempefine puter! Likte ideen med lukkemetoden din! Rosene er berre så flotte. Ein fin plass---- hytta!

    SvarSlett
  2. Flotte blomsterkrukker de har på hytta! Håper de får riktig mange gode stunder der i sommar. Putene er koselege, vert kjekt å pynta opp med noko nytt.

    Så synd med PCen din som ikkje ville meir, veldig kjekt at du er på nett igjen.

    SvarSlett
  3. Hei på deg, og du så flott pledd og puter du har laget :) nydelige roser - trivelig å se deg blogge igjen :) fortsatt god sommer!

    SvarSlett
  4. Det var ein grunn til at eg ikkje har funne blogg frå deg på ei stund. Godt du er på nett igjen. Putene blei kjempefine, og gode minner som kjem når eg ser bilder frå den koselige hyttå dåkas.

    SvarSlett