mandag 11. februar 2013

Glede og sorg

I helga har me hatt besøk av Snuppå og Baby,
det er så koseleg når barnebarna kjem.
I går hadde me ein flott dag, feira to bursdager, 
det var morsdag og fastelaven.
Eg fekk komma til ferdig middag hos eldste datter, 
me fekk deilig lammelår og fløtegratinerte poteter.
Til kaffien var det kake, desserter og boller med krem.
Me kosa oss skikkelig!

Snuppå hadde vokst fra vottene sine, og då måtte eg fram med pinner og garn.
Det blei to par til henne i helga.


Det mørkeste lilla er i Ask garn, dei blei tynnere og er mjuke og lette.
Det lyse er i Viking garn.
Begge para er tova lett i maskinen.

Det blei som eg tenkte med Manchester Unitet hua, den var for stor!
Og då var det bare å starte på ei ny med tynnere pinne, forandra litt på fargane og.
Endeleg blei hua passeleg! Denne er i Viking garn og Rubin.


FAKTA
Votter i Ask garn
pinne nr 6
22 + 37gr.

Hua i Viking garn og Rubin
pinne nr 3,5
81 gr.




Sorgen og gleden vandrer tilhope heiter det, og slik er det her for tida.
På fredag tok me eit siste farvel med svigermor i begravelsen hennar.
Det var trist å mista henne, det var den snilleste svigermor ein kan tenka seg,
eg var veldig glad i henne.
Men me har fått hatt henne lenge hos oss, ho hadde blitt 99 år tre dager etter ho døde!
Eg føler takknemlighet og midt i sorga. 
Kvil i fred, kjære svigermor.





2 kommentarer:

  1. Godt å ha ei bestemor som held ein varm på fingrane!! Kondolere med svigermors bortgong. Det var litt av ein alder ho kom opp i. Tankeklem til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Nydelige arbeider fra deg atter en gang! Du er så imponerende produktiv :)))
    Det var kjempefin mørk lilla farge på det ene votteparet!

    Sender deg varme tanker og kondolerer med tapet av svigermor din.

    SvarSlett