mandag 3. februar 2020

Barnegenser + + +

Det blir helst lite blogging med meg, så nå er det fleire ting ferdig.
Strikka gjere eg heile tida, kan ikkje vera uten strikketøy!
Eg hadde lyst til å strikka noko av garnet eg har farga, garnet er Opal
Det blei ein stripet genser etter oppskrifta til Sinnasaugenseren, men uten sauer.
Eg strikka den i str 4 år, og den ville datter vår ha til minstegutten.
Han treng ny barnehage-genser.




*

Søster mi har hatt bursdag i januar, og då strikka eg eit Løvlisjal til henne.
Det sjalet liker eg veldig godt, både fasongen og å strikka det.
Så er det så greit å regulera størrelsen på det, eg liker ikkje for store sjal.
Her har eg brukt merinogarn eg kjøpte på kone, det blei mjukt og godt rundt halsen.



*

Sokkar har eg stadig på pinnane. 
Dette paret er eit mønster av Nordic Stiches, Pumpkin Leaf Lane.
Det finnnes på Ravelry.
Ei venninne overtok dei, ho skulle gi dei i gave.



Brit Strikkenerd, som har ein strikkepodcast på Youtube,
driv ein sokkesamstrikk på tjukke raggsokkar.
Mønsteret i januar heitte Brunostsokken, det måtte eg jo prøva.
Det blei fine sokkar, men blei for store til maen, så dei går i gavekassen.
Har strikka eit par vanlege herresokkar og, men dei har eg ikkje bilde av.









2 kommentarer:

  1. Så flotte arbeider, Wenche! Nydelig fasong på Løvlisjalet, og barnegenseren ble kjempefin med ditt fargespill!
    Sokker kan man jo aldri lage for mange av... ;)

    SvarSlett
  2. Lekre arbeid. Fryd å sjå!

    SvarSlett