mandag 24. august 2020

Afternoon in Lisbon Top

 I fleire år har eg hatt eit Viking Milk & Honey garn liggande. Det er blanding av bomull og melkefiber.
Eg tok det fram og fann ei oppskrift som passa perfekt til garnet, Afternoon in Lisbon, av Lisa Hannes.
Det var ei enkel og annerleis mønster, kjekk å strikka.
Det einaste eg gjorde som ikkje stod i mønsteret, var at eg strikka den høgare bak i nakken.
Denne toppen blei eg veldig fornøgd med, den blei fin på størrelsen 
og den er så mjuk og deilig å ha på. Det blir ein favoritt!



*
Eg kjøpte ei Flittig Lise i vår, og den har vore veldig flittig i sommar.



4 kommentarer:

  1. Åhh, så flotte! Det mønsteret strikka eg som framstykke på ein topp i lin. ( Den blei for stor for meg.=) Men, det var blikkfang med mønster på armane, altså! Godt med blomar som gleder langt utover sommaren! / takk for melding i min blogg, trodde eg hadde publisert den, men ligg ikkje frampå ennå. Mykje styr med detta nettet. Har nå fått lest då!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Linda😀 Eg måtte gå ned 2 str for å få den passe, nå er den fin.

      Slett
  2. Så skjønn den toppen din er :) kjempesøt! Og blomster, er jo aldri feil ;) nydelig. Ha ei fin uke Wenche

    SvarSlett