lørdag 31. desember 2016

Ein utfordring

Eg har lenge snakka om at eg har lyst til å læra og spinna.
Problemet er at her er ingen kurs, og eg kjenner ingen som spinn.
Ikkje har eg hatt rokk heller, men har tenkt på handtein.
Kan dokke gissa kva eg fekk av mannen min til jul?
Jo, nemleg ein rokk!!
Det var uventa, og nå har eg ein utfordring i 2017,
eg må prøva om eg kan få det til å spinna.
Godt me har youtube ;)


*

Takk til alle som er innom her og les mine skriblerier!
Håper me "sees" i 2017, og eg set stor pris på nokre ord fra deg.

Eit rektig Godt og Kreativt Nytt År ønsker eg deg!



onsdag 28. desember 2016

Julepresanger i siste liten

I år hadde eg ikkje planar om å strikka julepresangar.
Men då det blei til at me feira jul isamen med søster mi og mannen,
måtte dei få litt under treet, dei og.
I full fart strikka eg kvar sitt par votter.
Til søster mi strikka eg "Raudt lauv med gylne nervar".    
Dei er i fra boka av Vottelauget som eg vann for ei tid sidan.



Til svogeren fann eg eit fint mønster i eit blad, Kakao votten.
Mandag før jul felde eg av siste votten og hadde bare tomlane igjen,
men skrekk og gru, eg hadde klart å strikka to høgrevotter!!!!


Eg orka ikkje rekka opp, men la opp til ny vott.
Onsdag blei dei ferdige, eg vaska og blokka dei,
så under treet kom dei ;)


Problemet nå er at eg får for lite garn til den fjerde votten.
Er det nokon som har ein rest av mørk blå Ask liggande,
så vil eg gjerne kjøpa.

Eit par sokkar har ligge ferdige ei stund.
Det er mønster i leggen og på oversida av foten,
det var ikkje lett å få det på bilde. 
Garnet er tynt og heiter Wool Blend.
Desse fekk svigersønnen.
Både vottane og sokkane er blå, ikkje svarte.

Mønster, Vottelauget,
Ask garn  52 gr
Kakaovotten, Ask,61 gr
Pinne 3 og 2,5


Garn, Wool Blend 66 gr
Pinne 3


Eit barnebarn ønska seg ny hua. Ho klør av ullgarn og alpakka,
så denne er i merinoull. Det gjekk visst betre.
Det melerte garnet til denne hua har eg farga sjølv.


Garn, Babyull merino, 33 gr

*

Ønsker dokke alle ei fortsatt god romjul!





tirsdag 20. desember 2016

Neeiiiiii!!!

Den siste julepresangen mangla berre tommeler.
Eg fella av siste votten og det første eg ser er tabben eg har gjort!
Neeiiiiiii!!!! Ikkje er det mange dagane igjen til jul.....
Eg rekte ikkje opp igjen, men la opp til ein ny vott.
Den skal bli ferdig, eg er godt igang igjen.




Elles er det tid for å vaska og pynta huset ferdig.
Det blei litt meir stresse enn eg hadde tenkt, hastverk er lastverk!
Men kakene og gjærbaksten er i boks, julepålegget er ferdig,
så eg er godt i rute allikevel.





Ein dag var eg hos datter mi og ho lærte meg å laga nisse.
Synes dei er så fine, koseleg pynt på trappa :)







onsdag 7. desember 2016

Modell-strikk - Lillebjørnjakke

Eg blei spurd om eg ville strikka ein modell til ein butikk.
Det er kjekt å strikka nye mønster, så det sa eg ja til.
Du store Alpakka har kome ut med eit nytt hefte,
og der var fleire fine modeller.
Den eg har strikka heiter Lillebjørnjakke,
men eg synes den likner meir på ein hund.
Det var putle med monteringa og få det beint, håper det er ok nå. 
Det skal syast i glidelås, men det skal mottaker gjera, 
det er eg glad for, å sy på symaskin er ikkje mi greie.





Mønster, Alpakka Kids DSA42
Garn, Hexa og Fur, 300 gr
Pinne 5 og 6
*

Me er godt inn i adventstida, men eg har ikkje fått gjort 
så mykje av juleforberedelser ennå.
Men pakkane er eg ferdig med, og då er eg kome langt, synes eg!
Nå er det baking og lage julepålegg som står for tur.

Det er viktig å kose seg i denne tida og, prøver å ikkje stressa på.
Håper du og har ei fin adventstid!