torsdag 29. mai 2014

Marius

Strikking av restegarn fortsetter,
og denne gang er det Rubingarn som var til overs etter årsteppe.
Ein Mariusgenser str. 2-3 år med rundfelling har eg strikka denne veka.
Det blei litt prøving og feiling på denne og.
Måla på oppskrifta kan aldri vera rett, 
så eg måtte justera bolen og laga den smalare.
Den blei bra til slutt.



Mønster: Marius
Rubingarn, 250 gr
Pinne nr 3 og 3,5

Tusen takk for koselege helsingar, 
veldig kjekt dokke tar dokke tid til det :)




tirsdag 20. mai 2014

Sinna sauer ;)

 I eit Familien-blad fann eg oppskrift på sinnasau-genseren.
Det passa supert til alpakkarestene eg held på med.
Ein genser str. 6 år i Drops Alpakka,
og ein i brunt og rosa str. 2 år i Sandnes mini-alpakka.
Eg har strikka halsen dobbel og sydd den inn på vranga.
Då ligg halsen mykje finere enn om den er enkel.







Sandnes mini-alpakka, 190 gr
Pinne 3 og 3,5

Drops alpakka, 148 gr
Pinne 3 og 3,5

Avfellinga på halsen har eg brukt ein teknikk som blir veldig elastisk.
Den er kjempebra å bruka når ein strikker sokkar fra tå til topp og.
Eg kan prøva å forklara den.

Strikk to masker, dei to maskene som du nå har på høgre pinne
strikker du vridd samen (i bakre maskeledd).
Strikk ein maske fra venstre pinnen, 
dei to maskene du har på høgre pinne strikker du vridd samen.
Slik gjentar du omgangen rundt.

Og ja, eg har ennå meir alpakkagarn liggande.
Men nå har eg tatt fram eit anna garn ;)




tirsdag 13. mai 2014

Garnhandel på Island

I helga var me på ein kjekk tur til Island.
Me var bare to dagar der, og det var fullt program.
Å få kjøpt garn var jo veldig viktig for meg,
det kjenner dokke strikkedamer sikkert til...!
Heldigvis fant eg ei lite hjørna med garn i ein butikk.
Der var det ei koseleg dama som snakka dansk, 
og ho kom med tips og anbefalinger, det liker eg!


Eg måtte prøva meg på dette lopigarnet. 
Det er ikkje tvinna, så dama sa eg måtte strikka det samen med ein tråd Einband,
det er eit tynt ullgarn,
pluss at det måtte tvinnast litt. Tru om eg får det til?



Dette var det eg kom heim med. Arezzo er ein blanding av lin, bomull og bambus.
Det er vel ikkje typisk Islandsk, men eg ville ha eit garn som ikkje var for varmt.
Då tipsa ho om Arezzo lin, det skal eg strikka ein jakke til meg av.
Elles er det nokre nøster Lettlopi, rein ull og Autumn Wind,
 bomull med litt cashmere, deileg og mjukt.


Og så fant eg knit pro sine pinnar, og der hadde dei korte pinnar til 
til å sette på kabel! Det har eg savna.
Når eg strikker på små plagg, blir ofte pinnane for lange synes eg.
Angrer i grunnen på at eg ikkje kjøpte fleire...
Men det var knapt med tid, så det gjekk med fart!



Mange flotte mønstrar på strikkeplagga.


*

Naturen på Island er veldig spesiell, øya består mest av lava.
Det var ikkje mykje som var dyrka i det området me var,
og det var lite grønt så tidleg på våren.
I det fine været me fekk var det fantastisk flott!



Thingvellir, det gamle tinghuset.

Geysiren klar for å sprute opp...

Der kom den, ca 30 meter opp i lufta!


Mektige Gullfoss!

Kjempekjekk tur!







mandag 12. mai 2014

Sang og strikkeglede :)


Denne videoen var flott å høyra og sjå på.
Synes det passa godt etter turen til Island, mange flotte strikkeplagg
flott natur og fin musikk!

mandag 5. mai 2014

Hønsestrikk Genser

I garnlageret mitt har det hopa seg opp med rester av diverse alpakkagarn.
Det var i mange fargar, og då passa det godt å prøva hønsestrikk.
Eg hadde ikkje oppskrift, og det straffa seg.
Tenkte først ein størrelse ca 6 år, men den førstre blei alt for liten.
Etter første mønsteret rekte eg opp og la opp på ny,
men då tok eg godt i, den er nok 7-8 år i størrelen.
Tenkte det var betre med for stor eller for liten,
gadd i alle fall ikkje rekka opp igjen!
Men eg har strikka genseren ca 1,5 gang,
ikkje alle mønster og fargekombinasjon eg blei fornøgd med.
Veit ikkje om bæresykket blei så bra heller, 
men nå blir det ikkje rekt opp fleire ganger!




Alle mønstra har eg funne i boka Høsestrikk til folket.
Dei fleste figurane var store, så eg har laga sauene og vannkannene mindre.



Div. alpakkagarn, 293 gr
pinne 3 og 3,5
Eg har ennå masse garn igjen, og eg er i gang med ein genser til.
Men det blir ikkje hønsestrikk denne gang ;)

Ha ei fin og kreativ veka :)

torsdag 1. mai 2014

Ut på tur.

Me har besøk av tre barnebarn nokre dagar.
I går gjekk minsta jentå på 5 og eg ein tur i skogen.
Kvitveisen står så fint over alt nå,
og lillesøster plukka ein fin bukett til mormor :)



Me måtte og ta bilde av dei fine neglene, 
både fingrar og tær hadde fått neglelakk :)

*

I dag har ho leka husmor. 
Eg fann fram koppeserviset som eg hadde på hennes alder,
og det måtte først vaskast opp.
Etterpå blei det dekka til selskap med saft og kjeks :)





Dette serviset fekk eg av min morfar då eg var 5 år, det er like fint ennå.

Ønsker deg ein fin vårkveld :)