mandag 29. april 2013

Softis-luer

Desse softis-luene falt eg for.
Dei er veldig elastiske og kan brukast lenge.
To mormorjenter skal få kvar si hua :)
Den eine er strikka i Freestyle og Merino.



Det var ikkje lett å ta fine bilder av huene uten et hode å kle dei på ;)
Den andre hua er i pt 5.



Oppskrifta fant eg i "Bloggen for HobbyMegHer/MonAmi"

Garn: Dale Freestyle, Drops Merino: 75 gr
Pinne nr 4,5

pt 5: 55 gr
pinne nr 3,5




fredag 26. april 2013

Småstrikk

Det er det eg driver med for tida, småstrikk.
Eit dokkesett til minste dokka eg har.
 Dokka er godt brukt og det er den jentene liker best å leka med.
Den har nesten ikkje klær, og då må eg gjera noko med det ;)



Eit par grytekluter har eg og strikka, det blir den sorten eg liker å bruka.
Mannen seier det er dei beste, dei er tjukke og gode.


Småstrikk kan vera så mangt. Sjekk denne linken
Så smått kan ikkje eg strikka, er imponert over at det går an!!

I dag var eg på matbutikken og handla og måtte bort i hylla for garn,
dei har forskjellig Viking-garn.
Eg bare måtte ha desse to nøstene. 
Nesten alle mine farger er
 samla i same nøste! Fine??? Det heiter Nordlys.
Rette farger er litt mørkere og djupare.


God helg!


Babyull, 35 gr
Pinne 3

Bommull sport, 119 gr
pinne 3,5









fredag 19. april 2013

Veka som gjekk...

Frå tysdag til i dag har eg og ei venninne vore på hytta.
Me har hatt det herleg med god mat, handarbeid og god prat.
Ein dag var været så fint at me gjekk ein tur,
og sanneleg fekk me sjå at våren er på gang.




Eg kan ikkje visa til mykje ferdig arbeid, sjølv om fingrane gjekk trutt.
Eit teppe som eg starta på lenge sida fekk nokre fleire ruter og
hardangerløperen blei klar til utklypping. 
Men ei cupcake-lue blei då ferdig.
Lillesnuppa på 6 mnd (les mora) hadde ønska seg den,
og då er ikkje mormor sein å be ;)


I dag kom eg heim til ein kjekk pakke,
mannen hadde vore så snill og henta den på posten i dag.
GA Strikkedesign på Ålgård skal slutta av og sel ut alt til ei bra pris.
Det kunne eg ikkje stå imot, og Smart er eit garn eg liker :)


Takk til alle som besøker bloggen min, 
ser at det er over 2000 som har vore innom, kjempebra :)
Ha ei god helg!


Mønster: Fra bloggen "Hanne`s kaker"
Garn: pt 5
Pinne nr 3,5
Vekt: 45 gr





tirsdag 16. april 2013

Guttevest

Dette blir ein rask blogg, eg skal snart ta meg ein bytur.
Skal til tannlegen og få ny tann - huff!!
Men det verste, rotfylling, er gjordt, så rekne med det går greit i dag.
Det skal snart vera barnebasar her i bygda.
Ungane går i forrening og lage forskjellig som blir lodda ut,
og eg vil sponsa dei med ein liten vest eg har strikka.
Størrelsen er 6-8 år og den var rask å strikka.
Fant oppskrift på Drops.

Eg strikka inn den mørke stripa for å friske den opp,
men er usikker på om den kan vera sånn i halsen.
Kva synes dokker, nokon forslag til ein fin avslutning i spissen?
Tenkte om det gjekk an å sy i ein tøff knapp?


Mønster: Drops
Garn: Dis
pinne nr 3 og 3,5
Vekt: 192 gr


fredag 12. april 2013

Sanquhar med Roses and Trellis

Sanquharsokkane mine er ferdige :) 
Dette er resultatet av alongen eg har vore med på.
Det var ei kjekk mønster å strikka, det er eit Skotsk tradisjonsmønster.
Dette blir heilt sikkert favorittsokkane mine, tynne og fine i størrelsen,
passer meg akkurat :))
Eg slapp å justera strikkefastheten, det passa ved første forsøk!
Takk Zirkona for eit flott mønster!






Det var ein som hadde det morsomt medan eg låg på alle fire ;))

Etter mange veker med sol, kan me venta oss regn i massevis i helga.
Det treng me nå, det er lite vatn i brønnane her ikring.
Det er verst for dei som har mange dyr i fjøset.
Me får kosa inne med strikketøyet, og nå kan eg starta på eit nytt arbeid, 
det er lykke :))

Ønsker deg og dine ei flotte helg! 

Mønster: Zirkona
Garn: Sandnes Fantasy og Sisu
Pinne: 2,5 og 3
Vekt: 73 gr





søndag 7. april 2013

Vinnerlukka!


Då var heile settet til dokka ferdig med strømpebukse og jakke til.
Det er så mange fine mønstre i bøkene til Målfrid Gausel.
Eg har planar om fleire sett, men ikkje til Snuppå vår, 
for tenk ho vant dokka med garderobe i går!


Tenker jenta blir fornøgd når ho får dokka med masse klær, kjørepose har ho og.
Gleder meg til å sjå fjeset hennar då ;))
Me må kanskje ta oss ein tur til Nedstrand igjen (har nettopp vore der).

Men dette settet har eg strikka til "babyen" hennar, den er mindre enn dokka som er modell.




Og eg har meldt meg på ein ny along igjen, det er Zirkona som er primus motor.
Denne gang skal me strikka Sanquhar mønster, kjempekjekt! 
Eg har lagt opp til eit par sokkar.


Nå må eg komma meg under dyna, kjenner det er på tide nå.
God natt!


Oppskrift: Målfrid Gausel
Garn: Emilie Babygarn
Pinne 3
Vekt: 68 gr

lørdag 6. april 2013

God lørdag!

Når det snør ute, ja det gjere faktisk det, 
finnes det någe bedre enn ein kopp kaffi, litt lørdagsgodt (blått sådan) og eit strikketøy?
Nei, då kan det bare snø sjølv om det heiter april ;)




På søndag gjekk me tur til ein gammal, nedlagt fjellgard.
Rundt husa var det laga mange steingardar, og det var i bratte bakkar dei låg.
Me kan vel kalla det handarbeid det òg, godt jobba i alle fall!



Nå må eg på kjøkken og steike vafler.
Me skal ha basar i kveld, og då serverer me heimebakst og kaffi.
Andre skal laga kringle, potetkaker, pannekaker mm, det blir alltid godt mottatt.
Håper og at loddsalget går godt, det er mange fine gevinster.

Ha ei fin helg alle saman :)


onsdag 3. april 2013

Klær til Dokkelise :)

Nå er det på tide med ein oppdatering.
Påsken har vore fantastisk flott, strålande sol kvar dag,
men gradene har ikkje vore mange.
Me har kost oss på hytta, har hatt besøk av slekt og venner og vore litt på farten.
Strikkepinnane har ikkje hatt heilt ferie, har fått til nokre små plagg til dokka.

Men det første eg gjorde etter jakken var ferdig,
var å ta fram haugen med sokkar som trong å stoppast.
Eg er vel snart den einaste som stopper hola i sokkane,
men når mannen i huset slit veldig på dei, 
er det raskare å sy samen hola enn å strikka nye.
På to par klypte eg av foten og strikka nye, dei gamle listene var like gode.
Den jobben hadde eg grua meg lenge til, herleg når det er gjordt.


Etter det har eg bare kost meg med strikketøyet og laga dokkekler.

dokk


Dette settet med strekkbukse og genser skal i garderoben til ei dokke som er basargevinst,
me skal ha basar på lørdag.


Denne capen er og til basardokka.
Det er ikkje den finaste fargen på capen, men eg bruker av det eg har.


Barnebarnet vårt skal og få kler til dokka si.
Seleskjørt med bluse er ferdig, strømpebukse og jakke kjem etterkvart.



Dette settet har snuppå alt fått. Det er likt det eg strikka til jenta tidlegere i vinter.
Du kan sjå ullsettet Her


Snuppå blei veldig fornøgd når dokka blei så fin ;))


FAKTA SOKKER:
Garn: Labbetuss og Robust
Pinn 3,5
Vekt: 76 gr og 64 gr


FAKTA DOKKEKLER
Mønster: Målfrid Gausel
Garn: Diverse babyull og Sandnes mini-alpakka
Pinne 3
Vekt: 68+51+63+88 gr